fredag 14. august 2009

Ugler i mosen

Forelska meg heilt i uglene til Theresia på minoridesign og kunne godt tenkte meg ei sjølv. Kanskje det skal vere neste prosjekt, å sy si eiga ugle?

Når eg fyrst er inne på ugler, så har eg veldig lyst på eit uglestempel, og fann eit artig eit på
Etsy. No når hausten kjem og naturen går over til gyldne fargar, så synes eg alltid at det høyre med ei ugle eller to på korta eg lagar.

torsdag 13. august 2009

Mi fyrste oppslagstavle

Eit lite prøveprosjekt på gang. Fann eit bilete i eit gamalt blad, og tenkte at det må vere mogleg å lage noko slikt sjølv. Så fann fram ei plate, vatt, stiftepistol, stoff og silkeband. Prøvde meg fram, og det var ikkje vanskelig i det heile tatt.
Litt usikker på kva stoff eg skulle bruke, men endte opp med ei gardin kjøpt på Kid.
Viktig å få hjørna fine og flate, slik tavla ikkje heng for langt ut frå veggen. Brukte 4mm stifter, og kunne sikkert gått opp til 6mm utan problem. Det var ei utfordring å få på silkebanda slik rutene vart kvadratiske. Eg stolar på augemålet, så får det heller verte sjarmerandes skeivt. Viktig å feste banda godt, så slepp du at dei løsnar. Det ferdige resultatet, hengt opp på gangen. Med plass til rekningar, postkort, bilete og koselige helsingar.

Inspirasjon

Finn alltid noko som inspirera meg, både i blad og i butikkar, på galleri og inne på veven. Har surfa rundt på forskjellige bloggar siste tida, og det er utrulig mange flotte sider å sjekke ut.

Fann eit nydelig kort for ei stund sidan, og bakpå fann eg adressa til heimesida. Og den må eg berre leggje ut:
lamarelle. Sjekk ut alt det kjekke der, flott!!

Og når eg fyrst er i gong, her er også mykje artig:
nestenhest. Mykje som går rett heim her!

onsdag 12. august 2009

Kva ein kan bruke ein sau til...

Ja, kva kan ein eigentleg bruke ein sau til. Eg har mange idear sjølvsagt, men innsåg at min lille sau skulle få æra av å varme den gamle stolen eg brukar på hobbyrommet mitt. På den måten held eg meg varm når eg syr, og ull har vel aldri skada nokon?!

tirsdag 11. august 2009

Hobbykroken min

Eg har brukt spisestovebordet som verkstad sidan vi flytta inn. Og det har på mange måtar fungert bra, men det har vore eit ork å rydde opp og leite fram igjen dagen etter. Er også greit at vi kan bruke bordet til middag og ikkje berre til mine kaotiske prosjekt.

No har eg endelig fått laga til ein eigen plass som eg kan styre og stelle på utan å måtte rydde opp til ei kvar tid. I same slengen laga eg til skapet med det rare i, og laga plass til alt eg eig av dill og dall. Når eg fekk rydda i inventaret, laga eg til skapdørene som lenge har venta på å montere på. Er berre panelgardiner som er montert frå tak til golv. Men ei klar forbetring frå lakenet som har hengt foran skapet tidligare.

Eg fekk tak i eit brukt skatoll på finn.no. Genialt, slapp å montere, var berre å køyre det heim! No har eg plass til begge symaskinene, og kan gøyme det vekk når gjestar kjem på besøk. For det skal seie at eg ikkje har eit heilt eige hobbyrom, det fungerar også som gjesterom, bibliotek, roterom mm.

No er det berre å reparere overlocken, så skal veskeproduksjonen opp og gå igjen. I tillegg så ventar veldig mange oppslagstavler på å sjå dagens lys. Åh, kribla her!

onsdag 5. august 2009

Ein lang veg å gå...


Er ikkje ute på tur akkurat no, men kan virke som eg uansett ikkje kjem fram dit eg skal. Denne veka har eg rulla opp ermene og hatt som mål å rydde meg gjennom skuffer og skap. Grunnen er at eg har fått eit skatoll, så no kan eg skilte med ein ekte hobbykrok! Må berre sortere alt krimskrams fyrst, ein stooor jobb.
Det som er utrulig artig midt oppe i kaoset, er at eg har fått gnisten tilbake. Har lyst å jobbe med fotograferinga mi igjen. Og no har eg i tillegg masse råmateriale som ventar. Den nye E-P1 frå OIympus er godt testa i løpet av sommaren, og eg sit igjen med utrulig flotte sommarminner. Ei sann glede å ta fatt på jobben!
Sola har fortsatt ikkje vist seg i dag, og det sjølv om det var meldt varmt og sol. Til gjengjeld har eg inga unnskuldning for å ikkje rydde opp i alt rotet. Og det er vel inga tvil om at det er fantastisk å verte ferdig.

mandag 3. august 2009

Regn og trist=masse gøy å gjere i hobbykroken

Eg er svært glad i sommar og sol, og skulle så gjerne hatt meir finevêr i sommar. Men det positive med all nedbøren er at eg har fått igjen given til å vere frøken kreativ igjen. Kan vel konstantere at der har vore tørke ei god stund.

Så siste vekene har eg både sydd, klipt og limt i massevis. Nokon av prosjekta mine har vore særs enkle og ikkje så altfor omfattande, slik som å lage bursdagskort med ny vri. Andre prosjekt har vore større og i tillegg vore gøymt vekk i åresvis. Mellom anna har eg endelig laga ferdig ei minnebok/scrapbook frå skuleåret 98/99. Mykje gode minner som dukka opp den veka. Og utrulig godt å vere ferdig!
Målsetninga mi er eigentleg enkel: Gjere litt undervegs, og ikkje la noko verte eit ork!

Kjem sjølvsagt til å legge ut bilete etterkvart som eg finn på noko kjekt. Tilbakemeldingar og tips tek eg i mot med stor takk!

søndag 2. august 2009

Alt må starte ein stad

Mitt fyrste innlegg på heilt eigen blogg!

Så no er eg ute i den store verda, internettet!

Velkommen skal du vere...