søndag 19. august 2012

Teknologiskit!

Frustrasjon!
Trur det var VG som melde om at dagen i dag skal bli den varmaste som har vore i heile sumar. Og skeptisk som eg er, så tok eg ikkje saka på alvor etter mange feilslåtte vêrmeldingar hittil denne sumaren. Så eg brukte den regnfulle dagen i går til å vaske hus og heim, bake bollar og vere vertinne for gjestar, og heller la arbeid vere arbeid. Dette resulterte i at eg har utsett særs viktig jobb til dagen i dag, "den varmaste sumardagen i 2012". Med smågodt og lav viljestyrke har eg tatt fatt på oppgåvene, satt meg i eit rom der sola ikkje skin inn og gøymd fjernkontrollen til tven.
Og kva skjer?!

Eg trekk ut ledninga til "moderskipet", dvs ledninga til alt av teknologi som gjer heimen til eit kontor utanfor kontoret. Innsåg ikkje kva eg hadde gjort før det brått vart heilt stille rundt meg. Ikkje noko summing frå boksar og dippeduttar som eller lagar ein svak surrelyd. Viser seg sjølvsagt at det ikkje berre er å putte ledninga på plass, alt av system må gjennom ein voldsom operasjon før det er oppe og går igjen. No har eg fått internettet til å fungere, så noko fornuftig har eg tydeligvis ordna. Men i mangel på at alt anna(gudane veit kva det er) skal fungere, så må eg vente ei god stund(veit heller ikkje hva det vil seie).

Etter å ha stressa rundt meg sjølv og smågodtet, så innser eg at det å trekkje ut ledninga til "moderskipet" ikkje gjer så mykje for dagens arbeid. Så lenge eg har internett på plass, så skal dette vere nada problem.

Trudde eg...

Med pulsen nesten nede på kvilepulsstadiet igjen er det berre å ta fatt på oppgåvene mine, koble opp til jobbserveren og få opp mine heller tynne planar(som eg har tidsfrist til i morgon på å levere). Men kva i svarte, ingenting virkar! Eg kjem meg ikkje inn på jobbeposten, ikkje får eg til å koble meg opp på servaren som inneheld det eg treng av informasjon, presentasjonane og planane mine ligg sjølvsagt også der, og kvar gong eg trykkje på ein snarveg på skrivebordet, så forsvinn heile snarvegen. Merka at pulsen er godt på veg opp på treningsnivå igjen.

Har sendt ut bekymringsmelding til eit antall kollegar utan å få mykje respons. Dei har vel gjort seg ferdige for lengst, mest sannsynleg har dei sett og tatt vêrmeldinga på alvor og ligg ute i ein solstol, er på sjøen, badar eller klatrar rundt på eit fjell. Så dei er ikkje til stor hjelp.

Eg lid no av "snill pike"-syndrom og samvitet mitt greier ikkje å fortelle meg at eg skal sende ein sms til sjefen og be om utsetjing pga "uforutsette" hendingar. Trur uansett at eg får til svar, at "dette burde eg for lengst ha gjort ferdig".

Konklusjonen er nok at det ikkje er lett å både vere snill pike og vere innmeldt i Skippertaksforeninga. Kanskje om eg knekk i meg alt smågodtet på ein-to-tre at problema forsvinn? Verdt å prøve!

-cams-











torsdag 17. november 2011

Hausten 2011

Er berre å innsjå det...vinteren er her. Og med minusgrader, is og beinkalde morgonar kan eg konkludere med at hausten er over for denne gong.

Ein hektisk, rar og spanande haust er over, og eg tek meg i å lure på om eg var til stades der eg skulle, når eg skulle det. Kanskje det alltid er slik, at tida går så fort at ein ikkje har tid til reflektere over kva ein driv på med?
Om det er tilfellet, så skal eg forsøke å gjere ein betre jobb no når vinteren er her. Vere der eg skal vere, nyte det, kose meg og ta vare på dei gode augneblinkane. Både med mentale bilete, og med kameraet.

Alle bileta er tatt med Canon PowerShot S95. Ingen av dei er redigerte eller manipulerte, dei kjem rett utav kameraet. Som eg så absolutt kan anbefale på det sterkaste!

Her er nokre glimt frå min haust. Spontane augneblinkar:

Eg får vaksenpoeng når eg går på sundagstur i park. Bonus for det, og bonus når vêret er fantastisk, kaffen er varm og skuldrane senka.


Eg gløyme innimellom detaljane som omringar oss. Men når eg endeleg oppdaga dei etter ei stund med "nærblindleik", jau, då ser eg ikkje anna enn linjer og former overalt. Trur eg er slitsam å ha med å gjere då, eller rett og slett ikkje til stades blant folk rundt meg.


Hmmm, kor mykje tid brukar vi eigentleg på mobilen? På tråden til nokon, tekstmeldingar og epost? Tenk at for berre 13 år sidan hadde det vore uaktuelt for meg å drasse med meg ein telefon overalt. Eg hadde fått låne pappa sin reservetelefon, og den var eg så utruleg redd for å øydelegge eller miste. Resultatet var at den fungerte meir som ein fasttelefon enn som ein mobil. Medan eg i desse dagar føle at eg har gløymt å ta med venstre handa mi om eg gløymer telefonen heime ein dag...
Det er godt å skru av verda innimellom, og heilt garantert sunt! Mobilfri ein gong i månaden...i veka...nokre timar per dag? JA!

Han(eg vel å tru at det er ein "han") berre satt der og kosa seg i sola. Lurte nok på kvar han skulle ta vegen vidare. Ikkje store karen, men du så glad eg vart for å få helse på!


Eg slit med å ta miljøbilete i Oslo. Medan eg kan gå bananas når eg er på reise andre stadar. Rart med det, at eg skrur av det kreative blikket når eg er "heime", og spesielt når det finnast eit uttal med gode motiv.
Nydalen, idyll med betong og ei elv som fortsatt held koken. Trur dette bilete er meir eit krampeaktig forsøk på å halde på sumaren og ikkje hausten.

No når vinteren er her, ja, då må eg hugse på å ta kvardagsbileta også av denne årstida. Mørketid, advent, peparkakehus, julekonsertar, kanskje ein adventskalender frå min kjære, jul og nyttår, slaps og regn, is og snø, ski og smørning, gode vener, januarsalghysteri, skrape bilvindauge, heimebakst, feire bryllaupsdag, kose med pusen, gode bøker foran vedovnen, bygge snømann og lage snøengel, vin, masse vin, hyttetur, skli på isen, sola snur, lysare morgonar, lysare ettermiddagar, drøyme om ferietid, pakke vekk vinterjakkene...så er våren her!

Må minne meg på å ta med kameraet!

mandag 3. oktober 2011

fotoveske som freistar

Eg har drassa rundt på nokre fotobaggar i løpet av karriera i fotobransjen, og stort sett har eg vore nøgd med fasilitetane på dei alle. Men ein ting som eg alltid har synes ikkje har vore så stas er utsjåanden på desse baggane. Dei har som oftast vore firkanta og svarte.

Det har gjort at eg somme gongar har putta fotoutstyr rett i ei vanleg veske...med både hell og uhell. Ikkje alltid så smart, og kan verte svært kostbart med skade på optikken.

Så stor var gleda då eg oppdaga giveawayen til Jorid på bloggen Noe på hjertet. Det finnast faktisk fotovesker som ser femi og moteriktige ut!!

Gå inn folkens og meld deg på innan 7.oktober!! No kan du verte den heldige eigaren av ei fantastisk Kelly Moore-veske frå Fotobag.no.
Har heilt forelska meg, steintøffe vesker i flotte fargar og plass til alt av fotoutstyr! Nesten vanskeleg å bestemme seg for kva modell som er tøffast...likte både Mimi i lavendel, Libby i grå og The Posey i røykblå(visste ikkje at eg var så svak for vesker...).

Kanskje eg kan ynskje meg ei slik i 30års gåve??

onsdag 7. september 2011

-cams- på tur igjen

Eg skal reise vekk i morgontidleg. Ut på tur, ikkje sur...men ein anelse trøytt.

Har ikkje pakka, har fortsatt nokre jobbprosjekt som eg ikkje er i hamn med, skal lage ei bursdagsgåve som skal vere med i bagasja og eg burde verkeleg vore i seng NO!

Jobbreiser har ein tendens til å starte før fuglane drit. Eg må opp om nokre timar for å kome meg på flyplassen, men først hadde det vore stas å sove. Utopi!

Kva er det luraste eg kan gjere i ein slik situasjon eg sit i no, jau, setje meg ned på verdsveven. Teite, teite, teite -cams-, at det er mogleg. No har eg akkurat kasta vekk fem minutt på å skrive dette. Kunne heller brukt dei til å pakka sokkar eller anna livsnaudsynt til turen.

Jaja, men kjekt var det! Eit lite frirom i stresset!

God tur til meg!


PS: Slik såg morgonen ut gjennom bilvindauget på veg til flyplassen. Ein fantastisk soloppgang med doggtunge markar i eit landskap som enno ikkje hadde stått opp. Eg hadde sjølvsagt fått for lite søvn, men kva gjer eigentleg det når dagen kjem deg i møte med eit slikt skue og sol som varmar på kinna?!

fredag 2. september 2011

Kontorgulrot


Eg kan ikkje klassifiserast som ei kontorrotte, men dei siste vekene har eg vore mykje på kontoret utover kveldane. Og når eg er så lenge foran datamaskina så får eg så sjukt lyst på både det eine og det andre(det meste i kategorien usunt). No har det seg slik at eg ikkje er lur nok til å ta med meg usunne matvarer og snop på jobb, gløymer det alltid. Og sjølv om det ikkje er langt til næraste butikk, så har eg lova meg sjølv at den einaste grunnen til å gå utav kontoret er for å gå heim, ikkje for å hamstre snop.

No er klokka snart 18, og eg kunne gjort kva som helst for sjokolade, is, kjeks, potetgull osv.

Men etter ei runde i lokalet finn eg tre inntørka druer(men dei er ikkje rosiner, elles hadde eg ete dei), ei pære som har sett betre dagar, ein pose med mandlar(er allergisk, men er truande til å drite i det), gjengløymt soyamjølk(njaaaa, trur ikkje det) og ein tyggispakke med "sweet mint"(med litt fantasi kan eg late som det er After Eight, er jo mintsmak!).
Magert utfall dette her. Deprimerande!

Så i staden så gjer eg det eg gjer kvar einaste dag...et gulrot.
Og ikkje berre ei må du tru, nei, her snakka vi om jenta som konsumera så mange gulrøter at ho er full av betakaroten, og burde eigentleg vore Barbiebrun og lett kunne forvekslast med ein Paradise Hotell-deltakarar.

Kvifor gulrot? Ja, du spør deg vel det spørsmålet. Svaret er at etter lunsj tek eg alltid med eit lite lager av gulrot som eg har på kontoret mitt. Er det mest praktiske å ta med, er enkelt å pakke inn i ein serviett(eller i mitt tilfelle; fleire serviettar), held seg forskamma godt utover ettermiddagen og er kjapt å stappe i munnen.
Dette er kjedelig kost fyrste timane etter lunsj. Når klokka nærmar seg halv fire er gulrota litt meir freistande, og timane etter det er det matauke på gulrot i mangel på anna.

Eg kan konstantere det, eg er ei kontorgulrot!



søndag 21. august 2011

Stopp alle klokkene

Dagen i dag, minnesermonien etter dei grufulle hendingane 22. juli. Klump i halsen og tårer nedover kinna. Sterkt å høyre namna og sjå bileta av dei drepne. Ein heil nasjon minnast. Himmelen opna seg over hovudstaden og skyene gret med dei etterlatte.

Eg har ikkje alltid orda, eg kan ikkje ordlegge alt på innsida av meg, eg må finne ord som er store nok frå nokon andre. Så eg leita fram eit kjent dikt frå Wystan Hugh Auden. Mange kjenne det nok frå "Fire bryllup og en gravferd", men diktet er skreve i 1937. Og det vise vel at sorg og sakn er større enn tida.

Funeral Blues

Stop all the clocks, cut off the telephone,
Prevent the dog from barking with a juicy bone,
Silence the pianos and with muffled drum.
Bring out the coffin, let the mourners come.

Let aeroplanes circle moaning overhead,
Scribbling on the sky the message: "He Is Dead".
Put crepe bows round the white necks of public doves,
Let the traffic policemen wear black cotton gloves.

He was my North, my South, my East and West.
My working week and my Sunday rest,
My noon, my midnight, my talk, my song;
I thought that love would last forever, I was wrong.

The stars are not wanted now: put out every one.
Pack up the moon and dismantle the sun;
Pour away the ocean and sweep up the wood;
For nothing now can ever come to any good.

W.H Auden

-cams- på ein brødsmell



Eg har gått på ein brødsmell. Eller kan vel heller kalle det ein pizzaskorpesmell. Har prøvd å minimere inntaket av brød siste tida, med relativt gode resultat.

Hadde ikkje store ambisjonane eigentleg, skulle kun vere for å teste at eg, fru "eg-elskar-brød" kunne greie meg utan dette smulemysteriet som er forma som ei skive. Om det mot all formodning skulle resultere i at vekta gjekk nedover, så skulle eg sjå på det meir som ein bonus enn som målet med oppgåva.

Vekta gjekk overraskande nedover, men dette er nok mest grunna iherdig trening og veker med hektisk stress på jobben. Manko på brød kan nok diverre ikkje vere den skuldige her. Har i mangel på brødmat ete stort sett ALT anna eg har sett eller fått servert.

Men i går gjekk det gale, heilt på tryne gale faktisk. Fekk det for meg at eg skulle lage heimelaga italienskish pizza. Tanken var tynn botn, mykje godt oppå og delikat salat. I staden gjekk det litt gale med deiga. Eg tenkte heilt feil, og enda opp med tre gongar så mykje gjær som planlagt. Det igjen resulterte i ein pizzabotn av dimensjonar. Veldig amerikansk!

Og som om ikkje det var gale nok, så enda eg opp med å ete og ete og ete. Og den delikate salaten gløymde eg å lage. Åt omtrent berre pizzaskorpa(var mykje av det), og slutta aldri heller. Sto opp i dagtidleg, og jammen var det igjen ein heil pizza til i kjøleskåpet(var ikkje berre gjæra eg bomma på, stort sett alt som hadde med pizzabakinga). Så då fortsat eg etegildet. Så har altså ete pizza nonstop sidan i gårkveld.

Det tek ingen ende!
Har leita fram "Bread Pitt"-brikka mi no, for moralsk støtte mot pizzaskorpa.




søndag 14. august 2011

-cams- treng boktips


Har lest meg utav bokhylla!

Siste dagane har eg tydd til "Mikke Mus"-pocketalbum på kveldane. Og til og med det er interessant lesestoff når ein ikkje får sove. Men no er det nok, eg treng ei bok. Ei god bok!

No skal det seiast at eg har nokre kasse med bøker på boda, men dei ventar på å flytte til ny heim om nokre månedar. Og tanken på å bakse fram kasse på kasse for å kanskje finne det rette underhaldningsstoffet freistar ikkje i kveld(lenge leve latskapen).

Det ligg ei veldig fin bok her som eg ikkje får lov å opne. Eg har klassifisert den i sjangeren "kreativ", det vil seie at den vekkjer svært mange kjenser hjå meg. Og desse kjenslene gjer at eg har ein tendens til å boble over av ukontrollerbar lyst til å gjere mange smårare prosjekt. Prosjekta kan gå utpå å utfolde seg på ulike måtar med papir, bileter, symaskin, tekstilar, strikkepinnar, limpistol og av og til glitter. Glitter er aldri ein god ide, ALDRI(du finn glitter overalt i mange år etterpå)!

På grunn av at denne boka har den effekta på meg, er den ueigna som lesestoff på kveldstid. Den resultera, som du kanskje forstår i søvnlause netter og halvferdige, ikkje så altfor vellukka prosjekt som folk rundt meg dessverre må forhalde seg til i form av "kjekke, heimelaga bursdags- eller julegåver".

Men du for ei kjekke bok. "Meet me at Mike`s" heite den for dei som brått fekk ein kreativitetsboost og lyst til å bruke pengar på Amazon.

No må eg kome til poenget her, og det er at eg skal leggje meg om nøyaktig ti minutt. Og eg har ikkje ei strofe å lese!

Har lest ut siste Mikke Mus-historia, siste utgåva av lokalavisa(både den her i Oslo og heimafrå Vestlandet), fann reklame utanfor huset som eg har lest på(er generelt motstandar av reklame, men fiska den med meg i ein svakt augneblink), har lest jobbepost(svakt augneblink også der), tulla meg inn i nokre kakeoppskrifter(enda med at eg åt kjeks som skulle brukast i kaka) og no er eg søren meg truande til å lese bruksanvisninga til tven.

Så kjære deg, eg treng eit boktips! På ei bok som er passeleg spanande(men ikkje så spanande at eg ikkje kan sove) og ikkje så inspirerande at eg må stå opp for å lage noko meir eller mindre mislykka som eg kan gje vekk i julegåve. Nokon?

No er det sju minutt til eg skal vere i seng...


-cams- nyt regnet

Det er noko med regn. Mange likar ikkje regnet, og svært mange likar ikkje regn på sommaren. Kan til dels vere einig, for det er stas med ein solrik sommar. Men eg er ein av dei som også nyt regndagane.

Er nok mange grunnar til dette, td. at eg er fødd og oppvaksen på ein våt del av Vestlandet og hadde ein stor del av studietida i Bergen. Kan også nemne at raudt hår og frekner gjer at eg aldri har hatt det store utbyttet av sola. Så kan vel konkludere at regnet er min beste ven!

I Oslo har det vore ein regnfull sommar, sjølv om at vi ikkje har vore like hardt råka som andre landsdelar. Det er den store snakkisen på radioen, på jobb og i sosiale lag. Men er det verkeleg så gale?

Nyt dagen i dag inne, ser på regnet og drikk god kaffe. Stas!



tirsdag 9. august 2011

Har flytta ut...


men ikkje vekk frå heimen!

Har funne ut at terassa er det næraste eg kjem naturen, utan at eg treng å pakke med meg så altfor mykje pikkpakk og samstundes har alt lett tilgjengeleg når eg vaknar og skal kome meg kjapt og enkelt på jobb.

Var så varmt og klamt her nokre dagar, så eg fann ut at eg like godt kunne ligge ute for å få så frisk luft som mogleg. Eg har lengta tilbake til alle turane i telt, lavo og under open himmel, og fekk i allefall litt av denne kjensla tilbake. Eg har utsikt rett uti skogen, så er ikkje noko bykjensle her. Har oppdaga både rådyr og noko som eg mistenke er ein grevling.

Er særs oppteken av frisk luft. Kanskje litt sjukeleg opptatt av å få inn oksygen på soverommet. Dette er ei kjelde til gjentatte diskusjonar i heimen. Eg likar det (ekstremt) kaldt, mannen likar det passeleg lunka(på grensa til kokvarmt). Med andre ord er vi ikkje heilt einige om luftforholda.

No har eg altså funne ei midlertidig løysing der både han og eg er passeleg nøgde. Og sidan det var så fantastisk å vakne etter ei tung natts søvn ute under stjernene(les: overbygget på terassa), så har eg berre fortsatt med det. Hovudlykt, god bok, vatn og ei hue. Det er det eg treng for å kome meg gjennom natta.

Har regna nokre netter no, og tromming på markisa er nesten det same som tromming på teltduken. Skikkeleg idyll i mine øyre!

Jau, dette vil eg absolutt kalle Lars Monsen light!




søndag 24. juli 2011

triste dagar

Det er triste dagar, ufatteleg å tenkje på dei grufulle hendingane som har råka oss i lille Noreg. Bombeattentat som har krevd fleire liv i hovudstaden og skytedrama som har tatt frå oss så altfor mange unge på Utøya.

TV-bileta viser ein nasjon i sorg. Vi høyrer vitneutsagn om timar med frykt og redsel. Dette er ikkje noko som skal skje!

Eg har ein liten pusekatt som ligg på fanget, strekkjer seg og søv vidare, lukkeleg uvitande om råskapen som har råka. Ynskjer somme gongar å bytte plass med han, vekk frå denne tragedien. For det føles så meinigslaust og rått det heile. Uvirkeleg.

Ta vare på kvarandre!

mandag 11. juli 2011

-cams- høyre på musikara på J


Trengte litt musikk i heimen. Har ikkje svære anlegge å skryte av, ein liten Tivoliradio som eg koblar til pcen. Meir enn godt nok for meg og min musikk!

Eg er skrudd saman litt rart, for eg kan høyre oppatt og oppatt på samen songane utan å verte lei. Derfor er det ikkje mange spelelister på Spotifyprofilen min. Har ei, og den heite -cams-(kreativt, ikkje sant!).

Heimekontor og musikk på kjøkenet, og valde meg ut bokstaven J. Vert mykje menn som syng med gitaren sin, er fullt klar over det. Men likar desse mennene med gitarane sine, dei syng slik eg vert glad, og somme gongar litt trist.

Eit utdrag frå J-spelelista mi:
Jack Johnson: "Upside down"
Jackson 5: "I`ll be there"
Janis Joplin: "Tell Mama"
Jason Mraz: "Lucky" (med Colbie C)
Jeff Buckley: "Forget her"'
Jefferson Airplane: "White rabbit"
John Legend: "Heaven"
John Mayer: "Who says" og "Free falling". Favoritten!!
Jonas Alaska: "In the backseat". Oj, eg er så moderne at songen spelast på P3!
Joni Mitchell: "Both sides now". Ingen over og ingen på sida.
Josh Rouse: "It`s The Night Time". Har vore på tidenes finaste konsert med Josh Rouse.
Joss Stone: "Incredible"

Treng fleire på J, så berre å kome med tips.
I morgon må eg prøve ein annan bokstav, tenkte M. Og har allereie tatt ein sniklytt, har nemleg dilla på ein song: "Little boxes" med Malvina Reynolds. God gamal song, fekk renessanse med tv-serien Weeds. Lika veldig godt versjonen Regina Spektor har gjort, men så lika eg Regina Spektor særs godt uansett kva ho syng.

Ein artig liten song, minne meg om å verte vaksen, etablere seg og leve A4-livet. Og merkeleg nok får eg alltid lyst til å ete NonStop...

Må leite gjennom kjøkenskåpa etter NonStop no...er ei svak og lettpåverkeleg sjel...

(bilete er lånt frå Freia)

søndag 10. juli 2011

Har ei solsikke på samvitet...

-cams- har vist seg å ha alt anna enn grøne fingrar. Har rett og slett tatt livet av solsikka til ei venninde av meg. Den tapre solsikka skulle vere på sumarferie her hjå meg. Eg lovde venninda mi å gjere så godt eg kunne, legge til rette for eit hyggelig opphald med mykje sol, mykje vatn og til og med gjødsel om det måtte vere behov for det.

I staden utarta ferien seg for stakkaren til å verte reine marerittet. Ikkje var her sol(her kan ikkje eg klandrast), ikkje fekk den nok vatn(antek eg, litt usikker på det punktet) og gjødsel vart det i allefall ikkje noko av(redd for at det skulle gjere ting verre).

Så ferda måtte ende der eg frykta frå dag ein...i bosbøtta saman med anna matavfall. Triste greier, både for solsikka og meg(mest for solsikka vil eg tru).

Sit her i etterklokskapen sitt ljos, hmmm, eg skulle ha planta den ut med ein gong! Hadde lest om det på veven, men tenkte at eg skulle halde liv i den gule sjarmøren i potta i staden. Og ser kor dårleg det gjekk...

Så for å minnast solsikka, så legg eg ut eit bilete av frittlevande solsikke på ein koseleg gard på Røyse. Der oppvekstkåra nok er mykje betre enn i leiligheta mi.

No må eg ut å kjøpe meg ei ny solsikke, slik at venninda mi ikkje oppdagar flausa...

lørdag 9. juli 2011

Stille dag

Fly hit og dit med jobben, slå av mobilmaset og e-postoppdateringar, sjå landskapet i fugleperspektiv, undre seg over skyene, bekymre seg over turbulens, drikke merkverdig god flykaffe, få tid til å puste og gli inn i eit litterært univers.

Har kome heim no, og boka er lest ut. "Isløsning", ei underfundig bok av Barbara Voors, mykje smerte og sorg, men fin på same tida. Greit med slike bøker innimellom, ei bok som fungera som pusterom.

Fekk tatt meg tida til ei bok til, "Hundene mine og jeg" av Abigail Thomas. Valgte den sidan eg likte omslaget. Synes dama på bilete hadde ein fin historie å fortelje. Og det viste seg at ho hadde. Har lært å leve no, ikkje vente.

No skal eg ta til på "Stille dager i Mixing Part" av Erlend Loe. Las den i fjor sumar, og må gjere det igjen i år. Les den på ein-to-tre, ler mesteparten av tida. Handlar om Bror Telemann som ikkje er så veldig glad i Tyskland, men som havnar på ferie i Garmisch-Partenkirchen med kona Nina som er i overkant glad i Tyskland.

Og kva passar ikkje betre enn at det pøsregnar ute, skikkelig ruskevêr!
Med raudt hår og frekner er uansett soling oppskrytt.

søndag 12. juni 2011

Godt å vere to...

Eg surrar rundt i leiligheta heilt aleine, min betre halvdel har vore vekkreist ei stund. Rart kor selskapssjuke eg blir, reint einsam. Men eg har ikkje lyst å vere sosial med andre...har berre lyst å nyte ei stille stund med mannen.

søndag 24. april 2011

Påskeinnrykk

Bypåske har verkeleg vore stas i år. Sol og deilig temperatur, påskedigg og kald rosèvin. Kan ikkje få det betre!

I kveld er det besøk i vente. Påskemiddag med gode vener, årets fyrste middag på terassa og menyen ber preg av sumar. Samlar husmorpoeng, for eg har smelt i hop delar av middagen allereie. No står brownies for tur i ovnen, medan eg "pyntar" terassa med lysslynger for å lage lun stemning.

Dette er verkeleg det fantastiske livet! Nyte det saman med gode folk, god mat, god drikke og gode historier! Eg kan ikkje få det betre. Kvardagen kan vere så grå den berre vil, eg fargelegg så mykje eg kan når tida tillet det.

søndag 17. april 2011

-cams- på ein palmesundag

Tenk at det er mogleg å verte så glad for at det er overskya! Eg vakna tidleg og oppdaga at sola ikkje skin, og du store kor det gleda. For vindauga i leiligheta er mest umoglege å sjå ut av. Har berre utsatt og utsatt å vaske dei. Men i dag er altså dagen, nyvaska vindauge er for meg eit sikkert vårteikn! Når det er overskya får eg gjort så mykje meir enn når det er nydeleg sol. Har ein par hundre småprosjekt som berre har venta på å bli realiserte, men som har måtte venta grunna jobb og den typiske tidsklemma.

Kom sjølvsagt på at det er palmesundag, og at heilagdagen kanskje er meint å brukast til noko anna...men for meg er dette ein dag med tid til andre ting enn kvardagen kan gje, det er lukke det!

Bilete frå Lofoten, her var vindauga svært reine. Kan tyde på mykje overskya vêr!

søndag 3. april 2011

-cams- på ein sundag

Høyr på fantastiske Regina Spektor!


Måtte berre få det ut på ein sundags ettermiddag, der var det gjort. Nyt resten av dagen, gjerne med musikk på øyret!

onsdag 12. januar 2011

Ugle-tombola


Mykje tombolaprat siste veka. Grunnen er nok at eg brått er litt meir aktiv enn tidligare, og planen er å fortsette å vere aktiv. Kanskje få til noko fornuftig her inne?!

Uansett, eg har mange gongar sett innom webbutikken Kind by Nature. I tillegg har dei ein artig dansk blogg. No i desse dagar har dei tombola, og eg kan ikkje anna enn å kaste meg på saman med alle andre. Vinn no aldri i lotto, men har trua på ei ugle i posten!

Besøk bloggen deira her, og bli med du også! Eg er småforelska i desse yndige uglene, og mistenke at det er fleire som meg!

mandag 10. januar 2011

På veg




Eg reiser mykje i jobben min. Køyrer hit og dit i Noregs langstrakte land. Ein til tider einsam jobb med mykje aleinetid i bilen.

Må innrømme at somme dagar er det litt pes å sitje der i bilen. Kilometer og mil, time etter time, konsentrere meg for å kome fram dit jobben skal gjerast,og alt for å kome trygt heim til dei to som sit i sofaen heime.

Andre dagar(og det er heldigvis mest av dei dagane)så er det så stort å få oppleve all denne norske naturen. Dei forskjellige menneska som ferdast på vegane og tek i mot meg på småstadane. Dei dagane er så utruleg motiverande og gjev meg ein aldri så liten lukkerus.



På desse turane prøver eg å ta nokre bilete. Er ikkje alltid at eg får tid, at eg berre må haste avgarde utan å ta anna enn mentale bilete. Men dei gongane eg tek meg tid, pustar ut og spring nokre runder rundt bilen medan radioen gjallar i bakgrunnen, ja, då finn eg alltid eit motiv eg vil ta med meg heim.



Legg ut nokre av desse snapshota her. For det er akkurat det dei er. Trass i at eg har all verdas fancy fotoutstyr pakka i bilen, så brukar eg alltid eit lite kompaktkamera til "på veg"-bileta mine. Dei er tatt i augneblinken, oftast i fart der kameraet er fastmontert i gps-haldaren.


Dette er min kvardag, min veg...