fredag 30. juli 2010
Kjenne eg deg?
onsdag 21. juli 2010
Smaken av sumar
mandag 19. juli 2010
I fjøresteinane
søndag 18. juli 2010
-cams- gatelangs...i Madrid
Festivaltid
Sommar er som kjent festivaltid. Eg er ikkje den som har flest festivalar å skryte av, jobb har som regel satt ein stoppar for det. Men i år vart det jobb på festival. Like greit å slå saman dei to, sjølv om det ikkje er den same opplevinga som ein av delene av gongen.
Har vore på Slottsfjellfestivalen i Tønsberg. Der hadde Canon telt saman med dei svært inspirerande jentene i A Doll's House. Dei gir ut en fanzine med forskjellig tema fire gongar i året, prinsippet er DIY(do it yourself). Var rett og slett så inspirert av dette at eg skriv i bloggen min for første gong på altfor lenge. Får sjå om eg kan samle alle tankar og idear og produsere noko å putte inn her framover. Får vere målet for dette halvåret.
Tilbake til Slottsfjell. Eg fekk tatt ein del bilete på konsertane, og hadde også med meg kundar som fekk prøve seg som pressefotografar foran scena. Fann ut at eg har funne min biletesignatur, og det er å ikkje få til skarpe bilete. Er tydeligvis på tide å sjekke venstre auget, for fokusere er ikkje mi styrke lenger. Ganske urovekkjande, håpe dette er forbigåande. Om ikkje skal eg nok få til ein stil eg kan leve godt med.
Jobba med ein gjeng dyktige fotografar på festivalen. Var reint mutt at å sjå kor dårlig mitt handverk vart i samanlikning. Men så har eg ein heilt anna stil, eg jobbar mykje med form og linjer, at bilete skal fortelje meir enn det du kanskje ser og at mine komposisjonar ikkje alltid er den vanlege norma. Festivalbilete eg har valt meg ut er av gitaristen i Donkeyboy, Peter Michelsen. Bilete er akkurat passe korka, og sjølvsagt tatt med Canon G11, favoritten min som er med overalt!
Festivalen har gitt meg ein ny artist å spele på repeat: Lissie.

Det går lang tid mellom kvar gong eg vert hekta på musikk, men denne dyktige jenta frå Rock Island i Illinois fekk det til. Ho hadde intimkonsert i teltet vårt saman med Øystein Greni(Big Bang), og etter å ha snakka litt med ho forstår eg kvifor ho er elska. Ho har nettopp kome med debutalbumet "Catching A Tiger", og eg er på veg å slite ut cden allereie. Albumet vert ikkje berre årets sommarplate, men kjem nok til å verte med meg utover hausten, vinteren, våren og heilt til neste sommar. Jau, sikkert enda lenger også. Det er lenge mellom desse perlene!