søndag 26. september 2010

Mystisk...

Var i Stockholm på jobb for nokre veker sidan. Og på hotellet eg budde fann eg ei bok. Inne i boka fann eg eit bilete(innser at historia ikkje har nådd dei store høgder enno). Og bilete, det var mildt sagt merkeleg.



Eg veit ikkje kven fotografen er, kva motivet er henta frå eller når dette er tatt. Men snålare flyfoto har eg ikkje sett. No skal det seiast at eg ikkje er noko entusiast på flyfoto heller, og det kan sjølvsagt vere at dette er eit heilt normalt motiv. Men eg kan ikkje forstå korleis det er mogleg for eit fly å fly så lavt(er trass alt eit passasjerfly) og ikkje kræsje. Det er tatt i skodde, og det er vel ikkje så gunstig flyvêr, spesielt med tanke på høgda over bakken. Eg skjønar heller ikkje kvar fotografen har stått når han har tatt bilete. Det er rett og slett litt science fiction i mine augne!

Tenk om nokon kunne oppklara dette for meg!?

Har så lyst å sy noko

Møkk, sit her og boblar over av kreativitet. Har så veldig lyst å sy noko artig, noko eg kan gje vekk til nokon som har lyst på det. Har fem idear som har lyst å realiserast, og det er i og for seg berre å setje seg ned å sy i veg. Men...og der er ofte eit men...eg er heilt pumpa. Verkeleg, har rett og slett fått heile hausten innover meg med alt av snørr og febertokter det inneber.

Har ikkje tolmod til å liggje heilt stille i senga å sjå i taket(som garantert treng eit strøk maling). Ligg derfor med pcen foran meg, vert meir og meir firkanta i augene og sjølvsagt altfor gira på prosjekt eg ikkje får gjennomført. Akkurat no føle eg at hovudet mitt køddar med kroppen min. For eg har så lyst, men orkar ikkje.

Møkk!

torsdag 2. september 2010

Mi reise

Eg har akkurat lest ferdig "Ei vinterreise" av Ragnar Hovland. Har hatt den med som reisebok siste vekene, på siste delen av ferien og rundt om på jobb hit og dit. Den har vore eit pusterom frå alt rundt meg. Og den har små augneblink som har fått meg til å smile heilt inn i hjarterota.

Dette er ei bok til ettertanke. Ei bok med to vendepunkt, ei reise gjennom vinteren både mentalt og i røynda. Forfattaren dele dagboka om kreftsjukdomen sin med lesaren og fortel historia om den omreisande predikanten Lindemann som leitar etter Johanna som han ikkje har sett eller snakka med sidan ungdomen.

Forfattaren innser at han må leve mest mogleg normalt, gjere hyggelige ting, ete god mat, høyre på god musikk, sjå gode filmar og bevege seg. Predikanten, ja, han kan du lese om sjølv. Men eg trur eg skal fylgje forfattaren. I kveld ventar ein tur i marka, fylgt av god mat og god film(får eg håpe).