torsdag 17. november 2011

Hausten 2011

Er berre å innsjå det...vinteren er her. Og med minusgrader, is og beinkalde morgonar kan eg konkludere med at hausten er over for denne gong.

Ein hektisk, rar og spanande haust er over, og eg tek meg i å lure på om eg var til stades der eg skulle, når eg skulle det. Kanskje det alltid er slik, at tida går så fort at ein ikkje har tid til reflektere over kva ein driv på med?
Om det er tilfellet, så skal eg forsøke å gjere ein betre jobb no når vinteren er her. Vere der eg skal vere, nyte det, kose meg og ta vare på dei gode augneblinkane. Både med mentale bilete, og med kameraet.

Alle bileta er tatt med Canon PowerShot S95. Ingen av dei er redigerte eller manipulerte, dei kjem rett utav kameraet. Som eg så absolutt kan anbefale på det sterkaste!

Her er nokre glimt frå min haust. Spontane augneblinkar:

Eg får vaksenpoeng når eg går på sundagstur i park. Bonus for det, og bonus når vêret er fantastisk, kaffen er varm og skuldrane senka.


Eg gløyme innimellom detaljane som omringar oss. Men når eg endeleg oppdaga dei etter ei stund med "nærblindleik", jau, då ser eg ikkje anna enn linjer og former overalt. Trur eg er slitsam å ha med å gjere då, eller rett og slett ikkje til stades blant folk rundt meg.


Hmmm, kor mykje tid brukar vi eigentleg på mobilen? På tråden til nokon, tekstmeldingar og epost? Tenk at for berre 13 år sidan hadde det vore uaktuelt for meg å drasse med meg ein telefon overalt. Eg hadde fått låne pappa sin reservetelefon, og den var eg så utruleg redd for å øydelegge eller miste. Resultatet var at den fungerte meir som ein fasttelefon enn som ein mobil. Medan eg i desse dagar føle at eg har gløymt å ta med venstre handa mi om eg gløymer telefonen heime ein dag...
Det er godt å skru av verda innimellom, og heilt garantert sunt! Mobilfri ein gong i månaden...i veka...nokre timar per dag? JA!

Han(eg vel å tru at det er ein "han") berre satt der og kosa seg i sola. Lurte nok på kvar han skulle ta vegen vidare. Ikkje store karen, men du så glad eg vart for å få helse på!


Eg slit med å ta miljøbilete i Oslo. Medan eg kan gå bananas når eg er på reise andre stadar. Rart med det, at eg skrur av det kreative blikket når eg er "heime", og spesielt når det finnast eit uttal med gode motiv.
Nydalen, idyll med betong og ei elv som fortsatt held koken. Trur dette bilete er meir eit krampeaktig forsøk på å halde på sumaren og ikkje hausten.

No når vinteren er her, ja, då må eg hugse på å ta kvardagsbileta også av denne årstida. Mørketid, advent, peparkakehus, julekonsertar, kanskje ein adventskalender frå min kjære, jul og nyttår, slaps og regn, is og snø, ski og smørning, gode vener, januarsalghysteri, skrape bilvindauge, heimebakst, feire bryllaupsdag, kose med pusen, gode bøker foran vedovnen, bygge snømann og lage snøengel, vin, masse vin, hyttetur, skli på isen, sola snur, lysare morgonar, lysare ettermiddagar, drøyme om ferietid, pakke vekk vinterjakkene...så er våren her!

Må minne meg på å ta med kameraet!