Frustrasjon!
Trur det var VG som melde om at dagen i dag skal bli den varmaste som har vore i heile sumar. Og skeptisk som eg er, så tok eg ikkje saka på alvor etter mange feilslåtte vêrmeldingar hittil denne sumaren. Så eg brukte den regnfulle dagen i går til å vaske hus og heim, bake bollar og vere vertinne for gjestar, og heller la arbeid vere arbeid. Dette resulterte i at eg har utsett særs viktig jobb til dagen i dag, "den varmaste sumardagen i 2012". Med smågodt og lav viljestyrke har eg tatt fatt på oppgåvene, satt meg i eit rom der sola ikkje skin inn og gøymd fjernkontrollen til tven.
Og kva skjer?!
Eg trekk ut ledninga til "moderskipet", dvs ledninga til alt av teknologi som gjer heimen til eit kontor utanfor kontoret. Innsåg ikkje kva eg hadde gjort før det brått vart heilt stille rundt meg. Ikkje noko summing frå boksar og dippeduttar som eller lagar ein svak surrelyd. Viser seg sjølvsagt at det ikkje berre er å putte ledninga på plass, alt av system må gjennom ein voldsom operasjon før det er oppe og går igjen. No har eg fått internettet til å fungere, så noko fornuftig har eg tydeligvis ordna. Men i mangel på at alt anna(gudane veit kva det er) skal fungere, så må eg vente ei god stund(veit heller ikkje hva det vil seie).
Etter å ha stressa rundt meg sjølv og smågodtet, så innser eg at det å trekkje ut ledninga til "moderskipet" ikkje gjer så mykje for dagens arbeid. Så lenge eg har internett på plass, så skal dette vere nada problem.
Trudde eg...
Med pulsen nesten nede på kvilepulsstadiet igjen er det berre å ta fatt på oppgåvene mine, koble opp til jobbserveren og få opp mine heller tynne planar(som eg har tidsfrist til i morgon på å levere). Men kva i svarte, ingenting virkar! Eg kjem meg ikkje inn på jobbeposten, ikkje får eg til å koble meg opp på servaren som inneheld det eg treng av informasjon, presentasjonane og planane mine ligg sjølvsagt også der, og kvar gong eg trykkje på ein snarveg på skrivebordet, så forsvinn heile snarvegen. Merka at pulsen er godt på veg opp på treningsnivå igjen.
Har sendt ut bekymringsmelding til eit antall kollegar utan å få mykje respons. Dei har vel gjort seg ferdige for lengst, mest sannsynleg har dei sett og tatt vêrmeldinga på alvor og ligg ute i ein solstol, er på sjøen, badar eller klatrar rundt på eit fjell. Så dei er ikkje til stor hjelp.
Eg lid no av "snill pike"-syndrom og samvitet mitt greier ikkje å fortelle meg at eg skal sende ein sms til sjefen og be om utsetjing pga "uforutsette" hendingar. Trur uansett at eg får til svar, at "dette burde eg for lengst ha gjort ferdig".
Konklusjonen er nok at det ikkje er lett å både vere snill pike og vere innmeldt i Skippertaksforeninga. Kanskje om eg knekk i meg alt smågodtet på ein-to-tre at problema forsvinn? Verdt å prøve!
-cams-
søndag 19. august 2012
Abonner på:
Innlegg (Atom)