Viser innlegg med etiketten inspirasjon på nett. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten inspirasjon på nett. Vis alle innlegg

onsdag 12. januar 2011

Ugle-tombola


Mykje tombolaprat siste veka. Grunnen er nok at eg brått er litt meir aktiv enn tidligare, og planen er å fortsette å vere aktiv. Kanskje få til noko fornuftig her inne?!

Uansett, eg har mange gongar sett innom webbutikken Kind by Nature. I tillegg har dei ein artig dansk blogg. No i desse dagar har dei tombola, og eg kan ikkje anna enn å kaste meg på saman med alle andre. Vinn no aldri i lotto, men har trua på ei ugle i posten!

Besøk bloggen deira her, og bli med du også! Eg er småforelska i desse yndige uglene, og mistenke at det er fleire som meg!

tirsdag 4. januar 2011

Mola-mo har tombola



Lenge, lenge sidan eg har skreve noko her. Har stort sett ikkje sett vitsen med å skrive når eg ikkje føle at eg har noko vettugt å skrive om. Men så kjem søte Mola-mo med ein tombola, og då, ja då er det berre å kaste seg over tastaturet.

Mola-mo er ein dyktig illustratør som lagar dei mest fantastiske illustrasjonane eg veit om. Ho har ein strek eg beundra og ser opp til, og ein humor og snert i bileta som alltid får meg til å trekkje på smilebandet.

Om du vil vere så heldig som eg er, å ha ein ekte Mola-mo på veggen, ja då må du trykke her. Og så kanskje du er ein av dei heldige!


Lukke til!

fredag 30. juli 2010

Kjenne eg deg?


Eg som så svært mange andre i dette landet er brukar av Facebook. I juni hadde Noreg over 2,5 millionar brukarar på dette nettsamfunnet. Profilen min viser at eg har i overkant av 300 vener, noko som er mykje meir enn eg eigentleg føle at eg har i det verkelege livet.
No skal eg ikkje påstå at eg er motstandar av fjesboka, for det er eg ikkje. Eg brukar dette mediet til å oppdatere meg på kvar kjentfolk bur, sivilstatusen deira, kven dei har som vener, kva sladder dei kan kome med og eg har fått ein enkel måte å gratulere folk med dagen slik alle deira vener kan sjå at eg bryr meg. Men dette er kun om eg sjølv ynskjer det!
Kor ofte sjekkar eg fjesboka? Jau, det skjer nok dagleg, med mindre eg ikkje er på nett. Og når eg sjekkar kva som er "siste nytt", så er det nokon av mine vener som alltid går igjen på oppdateringane. Ingenting gale med det altså, dei må få lov å skrive så mykje og så ofte som dei greier og får til. Men kva skjer når du oppdatera kvar minste ting om livet du leve?

Forleden dag møtte eg ein av desse fjesbok-venene mine på gata. "Åh, så kjekt å endelig slå av ein prat", tenkte eg. Og tenk alt eg kunne snakke med henne om. For denne fjesbok-venen er ein av dei som alltid publisera kvar minste ting både ho, mannen og barna hennes gjer.

Men denne dama såg berre surt på meg når eg helste på henne. Eg vart litt paff, for eg kjenner ho så godt. Og eg som er så er innlemma i familielivet hennar, eg veit alt om ferien ho akkurat har vore på, kor mange tenner yngstemann mista i vår, kva ho misliker med sjefen sin, kva farge dei skal male soverommet og kor mange kilo ektemannen har gått ned etter han starta på Grethe Rode-kurs.
"Kjenne eg deg?" seier ho kvast, og fortset med "har ikkje tid å snakke med folk som vil selje meg noko"(hadde på meg jobbantrekk som sikkert kan forvekslast med seljaruniform). Eg mumla fram at eg kanskje tok feil av ho og ei anna, og gjekk litt nedtrykt heim.

Vel heime gjekk eg inn og sjekka profilen hennar på fjesboka, og jauda, det var ho inga tvil! Gjekk ein liten f... i meg, så eg sende ho ein kort melding: "Ja, eg "kjenne" deg. Du la meg til på fjesboka for to år sidan sidan du har jobba saman med ei eg har jobba saman med, som igjen kjenner kjærasten til ei venninne av deg. Men du kjenner nok ikkje meg så godt. Grunnen til det er at eg ikkje er like aktiv som deg på fjesboka. Eg oppdatera ikkje så mykje, og eg fortel ikkje alt eg gjer på dette nettsamfunnet og dele heller ikkje vektnedgangen til mannen min til alle som vil sjå". I tillegg sletta eg denne dama etterpå. Eg kan trass alt styre sjølv kven som skal få lov å dele livet sitt med meg.

Jada, eg veit det er smålig av meg.

No sit eg å gjer ferdig nokre bursdagskort. Dei skal sendas i posten til forskjellige venninner rundt om i landet. Det er ein tradisjon eg har hatt i alle år, men har merka at eg har vore litt sløv siste to åra. Og sjølv om meldingar på fjesboka, ein sms eller ein telefon varmar, så er det noko spesielt med eit kort i postkassa. Skal ta meg saman og verte flinkare!!



fredag 14. august 2009

Ugler i mosen

Forelska meg heilt i uglene til Theresia på minoridesign og kunne godt tenkte meg ei sjølv. Kanskje det skal vere neste prosjekt, å sy si eiga ugle?

Når eg fyrst er inne på ugler, så har eg veldig lyst på eit uglestempel, og fann eit artig eit på
Etsy. No når hausten kjem og naturen går over til gyldne fargar, så synes eg alltid at det høyre med ei ugle eller to på korta eg lagar.

torsdag 13. august 2009

Inspirasjon

Finn alltid noko som inspirera meg, både i blad og i butikkar, på galleri og inne på veven. Har surfa rundt på forskjellige bloggar siste tida, og det er utrulig mange flotte sider å sjekke ut.

Fann eit nydelig kort for ei stund sidan, og bakpå fann eg adressa til heimesida. Og den må eg berre leggje ut:
lamarelle. Sjekk ut alt det kjekke der, flott!!

Og når eg fyrst er i gong, her er også mykje artig:
nestenhest. Mykje som går rett heim her!