Viser innlegg med etiketten heim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten heim. Vis alle innlegg

søndag 21. august 2011

-cams- på ein brødsmell



Eg har gått på ein brødsmell. Eller kan vel heller kalle det ein pizzaskorpesmell. Har prøvd å minimere inntaket av brød siste tida, med relativt gode resultat.

Hadde ikkje store ambisjonane eigentleg, skulle kun vere for å teste at eg, fru "eg-elskar-brød" kunne greie meg utan dette smulemysteriet som er forma som ei skive. Om det mot all formodning skulle resultere i at vekta gjekk nedover, så skulle eg sjå på det meir som ein bonus enn som målet med oppgåva.

Vekta gjekk overraskande nedover, men dette er nok mest grunna iherdig trening og veker med hektisk stress på jobben. Manko på brød kan nok diverre ikkje vere den skuldige her. Har i mangel på brødmat ete stort sett ALT anna eg har sett eller fått servert.

Men i går gjekk det gale, heilt på tryne gale faktisk. Fekk det for meg at eg skulle lage heimelaga italienskish pizza. Tanken var tynn botn, mykje godt oppå og delikat salat. I staden gjekk det litt gale med deiga. Eg tenkte heilt feil, og enda opp med tre gongar så mykje gjær som planlagt. Det igjen resulterte i ein pizzabotn av dimensjonar. Veldig amerikansk!

Og som om ikkje det var gale nok, så enda eg opp med å ete og ete og ete. Og den delikate salaten gløymde eg å lage. Åt omtrent berre pizzaskorpa(var mykje av det), og slutta aldri heller. Sto opp i dagtidleg, og jammen var det igjen ein heil pizza til i kjøleskåpet(var ikkje berre gjæra eg bomma på, stort sett alt som hadde med pizzabakinga). Så då fortsat eg etegildet. Så har altså ete pizza nonstop sidan i gårkveld.

Det tek ingen ende!
Har leita fram "Bread Pitt"-brikka mi no, for moralsk støtte mot pizzaskorpa.




tirsdag 9. august 2011

Har flytta ut...


men ikkje vekk frå heimen!

Har funne ut at terassa er det næraste eg kjem naturen, utan at eg treng å pakke med meg så altfor mykje pikkpakk og samstundes har alt lett tilgjengeleg når eg vaknar og skal kome meg kjapt og enkelt på jobb.

Var så varmt og klamt her nokre dagar, så eg fann ut at eg like godt kunne ligge ute for å få så frisk luft som mogleg. Eg har lengta tilbake til alle turane i telt, lavo og under open himmel, og fekk i allefall litt av denne kjensla tilbake. Eg har utsikt rett uti skogen, så er ikkje noko bykjensle her. Har oppdaga både rådyr og noko som eg mistenke er ein grevling.

Er særs oppteken av frisk luft. Kanskje litt sjukeleg opptatt av å få inn oksygen på soverommet. Dette er ei kjelde til gjentatte diskusjonar i heimen. Eg likar det (ekstremt) kaldt, mannen likar det passeleg lunka(på grensa til kokvarmt). Med andre ord er vi ikkje heilt einige om luftforholda.

No har eg altså funne ei midlertidig løysing der både han og eg er passeleg nøgde. Og sidan det var så fantastisk å vakne etter ei tung natts søvn ute under stjernene(les: overbygget på terassa), så har eg berre fortsatt med det. Hovudlykt, god bok, vatn og ei hue. Det er det eg treng for å kome meg gjennom natta.

Har regna nokre netter no, og tromming på markisa er nesten det same som tromming på teltduken. Skikkeleg idyll i mine øyre!

Jau, dette vil eg absolutt kalle Lars Monsen light!




søndag 10. juli 2011

Har ei solsikke på samvitet...

-cams- har vist seg å ha alt anna enn grøne fingrar. Har rett og slett tatt livet av solsikka til ei venninde av meg. Den tapre solsikka skulle vere på sumarferie her hjå meg. Eg lovde venninda mi å gjere så godt eg kunne, legge til rette for eit hyggelig opphald med mykje sol, mykje vatn og til og med gjødsel om det måtte vere behov for det.

I staden utarta ferien seg for stakkaren til å verte reine marerittet. Ikkje var her sol(her kan ikkje eg klandrast), ikkje fekk den nok vatn(antek eg, litt usikker på det punktet) og gjødsel vart det i allefall ikkje noko av(redd for at det skulle gjere ting verre).

Så ferda måtte ende der eg frykta frå dag ein...i bosbøtta saman med anna matavfall. Triste greier, både for solsikka og meg(mest for solsikka vil eg tru).

Sit her i etterklokskapen sitt ljos, hmmm, eg skulle ha planta den ut med ein gong! Hadde lest om det på veven, men tenkte at eg skulle halde liv i den gule sjarmøren i potta i staden. Og ser kor dårleg det gjekk...

Så for å minnast solsikka, så legg eg ut eit bilete av frittlevande solsikke på ein koseleg gard på Røyse. Der oppvekstkåra nok er mykje betre enn i leiligheta mi.

No må eg ut å kjøpe meg ei ny solsikke, slik at venninda mi ikkje oppdagar flausa...

søndag 12. juni 2011

Godt å vere to...

Eg surrar rundt i leiligheta heilt aleine, min betre halvdel har vore vekkreist ei stund. Rart kor selskapssjuke eg blir, reint einsam. Men eg har ikkje lyst å vere sosial med andre...har berre lyst å nyte ei stille stund med mannen.

søndag 24. april 2011

Påskeinnrykk

Bypåske har verkeleg vore stas i år. Sol og deilig temperatur, påskedigg og kald rosèvin. Kan ikkje få det betre!

I kveld er det besøk i vente. Påskemiddag med gode vener, årets fyrste middag på terassa og menyen ber preg av sumar. Samlar husmorpoeng, for eg har smelt i hop delar av middagen allereie. No står brownies for tur i ovnen, medan eg "pyntar" terassa med lysslynger for å lage lun stemning.

Dette er verkeleg det fantastiske livet! Nyte det saman med gode folk, god mat, god drikke og gode historier! Eg kan ikkje få det betre. Kvardagen kan vere så grå den berre vil, eg fargelegg så mykje eg kan når tida tillet det.

søndag 17. april 2011

-cams- på ein palmesundag

Tenk at det er mogleg å verte så glad for at det er overskya! Eg vakna tidleg og oppdaga at sola ikkje skin, og du store kor det gleda. For vindauga i leiligheta er mest umoglege å sjå ut av. Har berre utsatt og utsatt å vaske dei. Men i dag er altså dagen, nyvaska vindauge er for meg eit sikkert vårteikn! Når det er overskya får eg gjort så mykje meir enn når det er nydeleg sol. Har ein par hundre småprosjekt som berre har venta på å bli realiserte, men som har måtte venta grunna jobb og den typiske tidsklemma.

Kom sjølvsagt på at det er palmesundag, og at heilagdagen kanskje er meint å brukast til noko anna...men for meg er dette ein dag med tid til andre ting enn kvardagen kan gje, det er lukke det!

Bilete frå Lofoten, her var vindauga svært reine. Kan tyde på mykje overskya vêr!

mandag 23. august 2010

Ein nøktern livsstil?

Eg er vel i den alderen der folk flest bygg rede og etablera seg for vaksenlivet. Og jada, mange rundt meg går no med byggjeplanar rundt draumehuset, og mange eg kjenner til reiser hus på forskjellige tomter rundt om i vårt langstrakte land.

Skulle gjerne bygd meg eit hus, eller aller helst fått noko andre til å bygge eit lite, koselig hus for meg. Men det kostar pengar, og det kostar ekstra mykje pengar når ein bur i hovudstaden. I tillegg så skal det seiast at vår lille familie har det meir enn bra nok i heimen/leiligheta vi allereie bur i.
I tillegg har eg fått litt nok. Ja, faktisk eg har fått nok av alt dette huspratet til vener og bekjente. Det er svært hyggelig at dei byggjer seg hus, og kjekt å høyre at dei har funne seg ein stad dei vil satse på å bu resten av livet. Men det som ikkje er okei er kor storforlangande desse er. Det er rett og slett smaklaust å høyre på nokon av krava somme har. "Eg skal i alle fall ha soverom med walk-in-closet, og ungane må no ha eige bad, og ikkje minst må far i huset få eige kinorom", dette er faktisk reelle ynskjer/krav frå folk rundt meg. For all del, eg hadde nok ikkje takka nei til eit "gå-inni-skåp", eller eit ekstra bad. Men eg krever det ikkje, og forventa verkelig ikkje at eg nokon sinne skal få så stort husvære at det er ein realitet.

Er det normalt å bygge hus som er over 400m2 til ein familie på fire? Det vil seie at kvar og ein i familien har 100m2 å boltre seg på, det er mykje det! Vi er tre som bur på 80m2, og er stornøgde med at vi har så stor leilighet.

Las akkurat ein artikkel i Bonytt om ein generasjonsbolig for bestemor, barn og barnebarn. Totalt var dette huset 153m2, og det var i tillegg plass til atelie til mor i huset. Dette er eit hus som er bygd i nøktern stil, med enkle og billige materiale. Arkitekten bak huset heiter Lars Lantto, han uttaler i artikkelen at "folk i dag bygger for store hus". Og kanskje skal vi ta dette til oss.
Eg synes det er vanskelig å forsvarliggjere at eg treng eit hus til 350m2, og eg greie faktisk ikkje å forstå desse bekjente som meinar at dei ikkje kan bu i eit hus som berre er 150m2. For det var den storleiken det var på huset vi nettopp har vore på visning på. Og eg har aldri sett eit så hyggelig hus, nei, det var meir enn eit hus, det var ein heim!
Huset gjekk diverre til ein mykje rikare kar, han har sikkert vunne i Lotto. Og eg, eg fortset livet i den gode leiligheta vår til neste heim dukkar opp på finn.no.