skip to main |
skip to sidebar
Mi fyrste oppslagstavle
Eit lite prøveprosjekt på gang. Fann eit bilete i eit gamalt blad, og tenkte at det må vere mogleg å lage noko slikt sjølv. Så fann fram ei plate, vatt, stiftepistol, stoff og silkeband. Prøvde meg fram, og det var ikkje vanskelig i det heile tatt.
Litt usikker på kva stoff eg skulle bruke, men endte opp med ei gardin kjøpt på Kid.
Viktig å få hjørna fine og flate, slik tavla ikkje heng for langt ut frå veggen. Brukte 4mm stifter, og kunne sikkert gått opp til 6mm utan problem.
Det var ei utfordring å få på silkebanda slik rutene vart kvadratiske. Eg stolar på augemålet, så får det heller verte sjarmerandes skeivt. Viktig å feste banda godt, så slepp du at dei løsnar. 
Det ferdige resultatet, hengt opp på gangen. Med plass til rekningar, postkort, bilete og koselige helsingar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar