-cams- har vist seg å ha alt anna enn grøne fingrar. Har rett og slett tatt livet av solsikka til ei venninde av meg. Den tapre solsikka skulle vere på sumarferie her hjå meg. Eg lovde venninda mi å gjere så godt eg kunne, legge til rette for eit hyggelig opphald med mykje sol, mykje vatn og til og med gjødsel om det måtte vere behov for det.I staden utarta ferien seg for stakkaren til å verte reine marerittet. Ikkje var her sol(her kan ikkje eg klandrast), ikkje fekk den nok vatn(antek eg, litt usikker på det punktet) og gjødsel vart det i allefall ikkje noko av(redd for at det skulle gjere ting verre).
Så ferda måtte ende der eg frykta frå dag ein...i bosbøtta saman med anna matavfall. Triste greier, både for solsikka og meg(mest for solsikka vil eg tru).
Sit her i etterklokskapen sitt ljos, hmmm, eg skulle ha planta den ut med ein gong! Hadde lest om det på veven, men tenkte at eg skulle halde liv i den gule sjarmøren i potta i staden. Og ser kor dårleg det gjekk...
Så for å minnast solsikka, så legg eg ut eit bilete av frittlevande solsikke på ein koseleg gard på Røyse. Der oppvekstkåra nok er mykje betre enn i leiligheta mi.
No må eg ut å kjøpe meg ei ny solsikke, slik at venninda mi ikkje oppdagar flausa...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar