tirsdag 9. august 2011

Har flytta ut...


men ikkje vekk frå heimen!

Har funne ut at terassa er det næraste eg kjem naturen, utan at eg treng å pakke med meg så altfor mykje pikkpakk og samstundes har alt lett tilgjengeleg når eg vaknar og skal kome meg kjapt og enkelt på jobb.

Var så varmt og klamt her nokre dagar, så eg fann ut at eg like godt kunne ligge ute for å få så frisk luft som mogleg. Eg har lengta tilbake til alle turane i telt, lavo og under open himmel, og fekk i allefall litt av denne kjensla tilbake. Eg har utsikt rett uti skogen, så er ikkje noko bykjensle her. Har oppdaga både rådyr og noko som eg mistenke er ein grevling.

Er særs oppteken av frisk luft. Kanskje litt sjukeleg opptatt av å få inn oksygen på soverommet. Dette er ei kjelde til gjentatte diskusjonar i heimen. Eg likar det (ekstremt) kaldt, mannen likar det passeleg lunka(på grensa til kokvarmt). Med andre ord er vi ikkje heilt einige om luftforholda.

No har eg altså funne ei midlertidig løysing der både han og eg er passeleg nøgde. Og sidan det var så fantastisk å vakne etter ei tung natts søvn ute under stjernene(les: overbygget på terassa), så har eg berre fortsatt med det. Hovudlykt, god bok, vatn og ei hue. Det er det eg treng for å kome meg gjennom natta.

Har regna nokre netter no, og tromming på markisa er nesten det same som tromming på teltduken. Skikkeleg idyll i mine øyre!

Jau, dette vil eg absolutt kalle Lars Monsen light!




søndag 24. juli 2011

triste dagar

Det er triste dagar, ufatteleg å tenkje på dei grufulle hendingane som har råka oss i lille Noreg. Bombeattentat som har krevd fleire liv i hovudstaden og skytedrama som har tatt frå oss så altfor mange unge på Utøya.

TV-bileta viser ein nasjon i sorg. Vi høyrer vitneutsagn om timar med frykt og redsel. Dette er ikkje noko som skal skje!

Eg har ein liten pusekatt som ligg på fanget, strekkjer seg og søv vidare, lukkeleg uvitande om råskapen som har råka. Ynskjer somme gongar å bytte plass med han, vekk frå denne tragedien. For det føles så meinigslaust og rått det heile. Uvirkeleg.

Ta vare på kvarandre!

mandag 11. juli 2011

-cams- høyre på musikara på J


Trengte litt musikk i heimen. Har ikkje svære anlegge å skryte av, ein liten Tivoliradio som eg koblar til pcen. Meir enn godt nok for meg og min musikk!

Eg er skrudd saman litt rart, for eg kan høyre oppatt og oppatt på samen songane utan å verte lei. Derfor er det ikkje mange spelelister på Spotifyprofilen min. Har ei, og den heite -cams-(kreativt, ikkje sant!).

Heimekontor og musikk på kjøkenet, og valde meg ut bokstaven J. Vert mykje menn som syng med gitaren sin, er fullt klar over det. Men likar desse mennene med gitarane sine, dei syng slik eg vert glad, og somme gongar litt trist.

Eit utdrag frå J-spelelista mi:
Jack Johnson: "Upside down"
Jackson 5: "I`ll be there"
Janis Joplin: "Tell Mama"
Jason Mraz: "Lucky" (med Colbie C)
Jeff Buckley: "Forget her"'
Jefferson Airplane: "White rabbit"
John Legend: "Heaven"
John Mayer: "Who says" og "Free falling". Favoritten!!
Jonas Alaska: "In the backseat". Oj, eg er så moderne at songen spelast på P3!
Joni Mitchell: "Both sides now". Ingen over og ingen på sida.
Josh Rouse: "It`s The Night Time". Har vore på tidenes finaste konsert med Josh Rouse.
Joss Stone: "Incredible"

Treng fleire på J, så berre å kome med tips.
I morgon må eg prøve ein annan bokstav, tenkte M. Og har allereie tatt ein sniklytt, har nemleg dilla på ein song: "Little boxes" med Malvina Reynolds. God gamal song, fekk renessanse med tv-serien Weeds. Lika veldig godt versjonen Regina Spektor har gjort, men så lika eg Regina Spektor særs godt uansett kva ho syng.

Ein artig liten song, minne meg om å verte vaksen, etablere seg og leve A4-livet. Og merkeleg nok får eg alltid lyst til å ete NonStop...

Må leite gjennom kjøkenskåpa etter NonStop no...er ei svak og lettpåverkeleg sjel...

(bilete er lånt frå Freia)

søndag 10. juli 2011

Har ei solsikke på samvitet...

-cams- har vist seg å ha alt anna enn grøne fingrar. Har rett og slett tatt livet av solsikka til ei venninde av meg. Den tapre solsikka skulle vere på sumarferie her hjå meg. Eg lovde venninda mi å gjere så godt eg kunne, legge til rette for eit hyggelig opphald med mykje sol, mykje vatn og til og med gjødsel om det måtte vere behov for det.

I staden utarta ferien seg for stakkaren til å verte reine marerittet. Ikkje var her sol(her kan ikkje eg klandrast), ikkje fekk den nok vatn(antek eg, litt usikker på det punktet) og gjødsel vart det i allefall ikkje noko av(redd for at det skulle gjere ting verre).

Så ferda måtte ende der eg frykta frå dag ein...i bosbøtta saman med anna matavfall. Triste greier, både for solsikka og meg(mest for solsikka vil eg tru).

Sit her i etterklokskapen sitt ljos, hmmm, eg skulle ha planta den ut med ein gong! Hadde lest om det på veven, men tenkte at eg skulle halde liv i den gule sjarmøren i potta i staden. Og ser kor dårleg det gjekk...

Så for å minnast solsikka, så legg eg ut eit bilete av frittlevande solsikke på ein koseleg gard på Røyse. Der oppvekstkåra nok er mykje betre enn i leiligheta mi.

No må eg ut å kjøpe meg ei ny solsikke, slik at venninda mi ikkje oppdagar flausa...

lørdag 9. juli 2011

Stille dag

Fly hit og dit med jobben, slå av mobilmaset og e-postoppdateringar, sjå landskapet i fugleperspektiv, undre seg over skyene, bekymre seg over turbulens, drikke merkverdig god flykaffe, få tid til å puste og gli inn i eit litterært univers.

Har kome heim no, og boka er lest ut. "Isløsning", ei underfundig bok av Barbara Voors, mykje smerte og sorg, men fin på same tida. Greit med slike bøker innimellom, ei bok som fungera som pusterom.

Fekk tatt meg tida til ei bok til, "Hundene mine og jeg" av Abigail Thomas. Valgte den sidan eg likte omslaget. Synes dama på bilete hadde ein fin historie å fortelje. Og det viste seg at ho hadde. Har lært å leve no, ikkje vente.

No skal eg ta til på "Stille dager i Mixing Part" av Erlend Loe. Las den i fjor sumar, og må gjere det igjen i år. Les den på ein-to-tre, ler mesteparten av tida. Handlar om Bror Telemann som ikkje er så veldig glad i Tyskland, men som havnar på ferie i Garmisch-Partenkirchen med kona Nina som er i overkant glad i Tyskland.

Og kva passar ikkje betre enn at det pøsregnar ute, skikkelig ruskevêr!
Med raudt hår og frekner er uansett soling oppskrytt.

søndag 12. juni 2011

Godt å vere to...

Eg surrar rundt i leiligheta heilt aleine, min betre halvdel har vore vekkreist ei stund. Rart kor selskapssjuke eg blir, reint einsam. Men eg har ikkje lyst å vere sosial med andre...har berre lyst å nyte ei stille stund med mannen.

søndag 24. april 2011

Påskeinnrykk

Bypåske har verkeleg vore stas i år. Sol og deilig temperatur, påskedigg og kald rosèvin. Kan ikkje få det betre!

I kveld er det besøk i vente. Påskemiddag med gode vener, årets fyrste middag på terassa og menyen ber preg av sumar. Samlar husmorpoeng, for eg har smelt i hop delar av middagen allereie. No står brownies for tur i ovnen, medan eg "pyntar" terassa med lysslynger for å lage lun stemning.

Dette er verkeleg det fantastiske livet! Nyte det saman med gode folk, god mat, god drikke og gode historier! Eg kan ikkje få det betre. Kvardagen kan vere så grå den berre vil, eg fargelegg så mykje eg kan når tida tillet det.

søndag 17. april 2011

-cams- på ein palmesundag

Tenk at det er mogleg å verte så glad for at det er overskya! Eg vakna tidleg og oppdaga at sola ikkje skin, og du store kor det gleda. For vindauga i leiligheta er mest umoglege å sjå ut av. Har berre utsatt og utsatt å vaske dei. Men i dag er altså dagen, nyvaska vindauge er for meg eit sikkert vårteikn! Når det er overskya får eg gjort så mykje meir enn når det er nydeleg sol. Har ein par hundre småprosjekt som berre har venta på å bli realiserte, men som har måtte venta grunna jobb og den typiske tidsklemma.

Kom sjølvsagt på at det er palmesundag, og at heilagdagen kanskje er meint å brukast til noko anna...men for meg er dette ein dag med tid til andre ting enn kvardagen kan gje, det er lukke det!

Bilete frå Lofoten, her var vindauga svært reine. Kan tyde på mykje overskya vêr!

søndag 3. april 2011

-cams- på ein sundag

Høyr på fantastiske Regina Spektor!


Måtte berre få det ut på ein sundags ettermiddag, der var det gjort. Nyt resten av dagen, gjerne med musikk på øyret!

onsdag 12. januar 2011

Ugle-tombola


Mykje tombolaprat siste veka. Grunnen er nok at eg brått er litt meir aktiv enn tidligare, og planen er å fortsette å vere aktiv. Kanskje få til noko fornuftig her inne?!

Uansett, eg har mange gongar sett innom webbutikken Kind by Nature. I tillegg har dei ein artig dansk blogg. No i desse dagar har dei tombola, og eg kan ikkje anna enn å kaste meg på saman med alle andre. Vinn no aldri i lotto, men har trua på ei ugle i posten!

Besøk bloggen deira her, og bli med du også! Eg er småforelska i desse yndige uglene, og mistenke at det er fleire som meg!

mandag 10. januar 2011

På veg




Eg reiser mykje i jobben min. Køyrer hit og dit i Noregs langstrakte land. Ein til tider einsam jobb med mykje aleinetid i bilen.

Må innrømme at somme dagar er det litt pes å sitje der i bilen. Kilometer og mil, time etter time, konsentrere meg for å kome fram dit jobben skal gjerast,og alt for å kome trygt heim til dei to som sit i sofaen heime.

Andre dagar(og det er heldigvis mest av dei dagane)så er det så stort å få oppleve all denne norske naturen. Dei forskjellige menneska som ferdast på vegane og tek i mot meg på småstadane. Dei dagane er så utruleg motiverande og gjev meg ein aldri så liten lukkerus.



På desse turane prøver eg å ta nokre bilete. Er ikkje alltid at eg får tid, at eg berre må haste avgarde utan å ta anna enn mentale bilete. Men dei gongane eg tek meg tid, pustar ut og spring nokre runder rundt bilen medan radioen gjallar i bakgrunnen, ja, då finn eg alltid eit motiv eg vil ta med meg heim.



Legg ut nokre av desse snapshota her. For det er akkurat det dei er. Trass i at eg har all verdas fancy fotoutstyr pakka i bilen, så brukar eg alltid eit lite kompaktkamera til "på veg"-bileta mine. Dei er tatt i augneblinken, oftast i fart der kameraet er fastmontert i gps-haldaren.


Dette er min kvardag, min veg...

torsdag 6. januar 2011

Livet er ikkje for amatørar

Nokre dagar verkar alt så heilgrått.
Det er berre ein bitteliten dag i livet mitt, men på same tida føles den så lang og tung. Null motivasjon, lite lyst og når ein endeleg får hjula i gong så går dei feil veg.

I dag gjekk verkeleg hjula feil veg, bokstavleg talt. Eg kræsja bilen. Og eg tok det med eit tappert smil, og tenkte at nei, no skjer det ikkje noko meir tull i dag. Teit tanke, for då må no rett og slett alt anna også gå litt på tverke.

Og sjølv om eg kom meg ganske så heilskinna gjennom dagen og kvelden, så kjem natta og alle teite tankar bunkra seg opp. Så her sit eg, utan søv i auga og med tusenmeters blikk på skjermen.

Det var då eg las ein kommentar i ein blogg: "Livet er ikkje for amatørar". Den traff, verkeleg!

Dagen i morgon vert bra, eg berre kjenne det på meg!

tirsdag 4. januar 2011

Mola-mo har tombola



Lenge, lenge sidan eg har skreve noko her. Har stort sett ikkje sett vitsen med å skrive når eg ikkje føle at eg har noko vettugt å skrive om. Men så kjem søte Mola-mo med ein tombola, og då, ja då er det berre å kaste seg over tastaturet.

Mola-mo er ein dyktig illustratør som lagar dei mest fantastiske illustrasjonane eg veit om. Ho har ein strek eg beundra og ser opp til, og ein humor og snert i bileta som alltid får meg til å trekkje på smilebandet.

Om du vil vere så heldig som eg er, å ha ein ekte Mola-mo på veggen, ja då må du trykke her. Og så kanskje du er ein av dei heldige!


Lukke til!

søndag 26. september 2010

Mystisk...

Var i Stockholm på jobb for nokre veker sidan. Og på hotellet eg budde fann eg ei bok. Inne i boka fann eg eit bilete(innser at historia ikkje har nådd dei store høgder enno). Og bilete, det var mildt sagt merkeleg.



Eg veit ikkje kven fotografen er, kva motivet er henta frå eller når dette er tatt. Men snålare flyfoto har eg ikkje sett. No skal det seiast at eg ikkje er noko entusiast på flyfoto heller, og det kan sjølvsagt vere at dette er eit heilt normalt motiv. Men eg kan ikkje forstå korleis det er mogleg for eit fly å fly så lavt(er trass alt eit passasjerfly) og ikkje kræsje. Det er tatt i skodde, og det er vel ikkje så gunstig flyvêr, spesielt med tanke på høgda over bakken. Eg skjønar heller ikkje kvar fotografen har stått når han har tatt bilete. Det er rett og slett litt science fiction i mine augne!

Tenk om nokon kunne oppklara dette for meg!?

Har så lyst å sy noko

Møkk, sit her og boblar over av kreativitet. Har så veldig lyst å sy noko artig, noko eg kan gje vekk til nokon som har lyst på det. Har fem idear som har lyst å realiserast, og det er i og for seg berre å setje seg ned å sy i veg. Men...og der er ofte eit men...eg er heilt pumpa. Verkeleg, har rett og slett fått heile hausten innover meg med alt av snørr og febertokter det inneber.

Har ikkje tolmod til å liggje heilt stille i senga å sjå i taket(som garantert treng eit strøk maling). Ligg derfor med pcen foran meg, vert meir og meir firkanta i augene og sjølvsagt altfor gira på prosjekt eg ikkje får gjennomført. Akkurat no føle eg at hovudet mitt køddar med kroppen min. For eg har så lyst, men orkar ikkje.

Møkk!

torsdag 2. september 2010

Mi reise

Eg har akkurat lest ferdig "Ei vinterreise" av Ragnar Hovland. Har hatt den med som reisebok siste vekene, på siste delen av ferien og rundt om på jobb hit og dit. Den har vore eit pusterom frå alt rundt meg. Og den har små augneblink som har fått meg til å smile heilt inn i hjarterota.

Dette er ei bok til ettertanke. Ei bok med to vendepunkt, ei reise gjennom vinteren både mentalt og i røynda. Forfattaren dele dagboka om kreftsjukdomen sin med lesaren og fortel historia om den omreisande predikanten Lindemann som leitar etter Johanna som han ikkje har sett eller snakka med sidan ungdomen.

Forfattaren innser at han må leve mest mogleg normalt, gjere hyggelige ting, ete god mat, høyre på god musikk, sjå gode filmar og bevege seg. Predikanten, ja, han kan du lese om sjølv. Men eg trur eg skal fylgje forfattaren. I kveld ventar ein tur i marka, fylgt av god mat og god film(får eg håpe).

torsdag 26. august 2010

Ein kaffetår

Har så lyst å bruke dagane mine på kafé, kanskje ikkje heile dagen. Men kanskje ein time kvar dag. Nyte god cortado, lese nyttig og unyttig i avisa, sjå på folk som travar forbi utanfor og kjenne at eg er heilt stressfri.

Men så har kvardagen ein annan plan for meg. I den planen har eg ikkje tid til å sitje å dagdraume over ein kopp fancy kaffe. Kvardagen er alltid full av planar, heile dagen er full, ja, nærast heile veka, og stort sett helgene også.
I morgon skal eg bryte med planen. Eg skal ta meg tid til ein kaffetår. Skal sitje i vindauget på Gram og leve litt.

mandag 23. august 2010

Ein nøktern livsstil?

Eg er vel i den alderen der folk flest bygg rede og etablera seg for vaksenlivet. Og jada, mange rundt meg går no med byggjeplanar rundt draumehuset, og mange eg kjenner til reiser hus på forskjellige tomter rundt om i vårt langstrakte land.

Skulle gjerne bygd meg eit hus, eller aller helst fått noko andre til å bygge eit lite, koselig hus for meg. Men det kostar pengar, og det kostar ekstra mykje pengar når ein bur i hovudstaden. I tillegg så skal det seiast at vår lille familie har det meir enn bra nok i heimen/leiligheta vi allereie bur i.
I tillegg har eg fått litt nok. Ja, faktisk eg har fått nok av alt dette huspratet til vener og bekjente. Det er svært hyggelig at dei byggjer seg hus, og kjekt å høyre at dei har funne seg ein stad dei vil satse på å bu resten av livet. Men det som ikkje er okei er kor storforlangande desse er. Det er rett og slett smaklaust å høyre på nokon av krava somme har. "Eg skal i alle fall ha soverom med walk-in-closet, og ungane må no ha eige bad, og ikkje minst må far i huset få eige kinorom", dette er faktisk reelle ynskjer/krav frå folk rundt meg. For all del, eg hadde nok ikkje takka nei til eit "gå-inni-skåp", eller eit ekstra bad. Men eg krever det ikkje, og forventa verkelig ikkje at eg nokon sinne skal få så stort husvære at det er ein realitet.

Er det normalt å bygge hus som er over 400m2 til ein familie på fire? Det vil seie at kvar og ein i familien har 100m2 å boltre seg på, det er mykje det! Vi er tre som bur på 80m2, og er stornøgde med at vi har så stor leilighet.

Las akkurat ein artikkel i Bonytt om ein generasjonsbolig for bestemor, barn og barnebarn. Totalt var dette huset 153m2, og det var i tillegg plass til atelie til mor i huset. Dette er eit hus som er bygd i nøktern stil, med enkle og billige materiale. Arkitekten bak huset heiter Lars Lantto, han uttaler i artikkelen at "folk i dag bygger for store hus". Og kanskje skal vi ta dette til oss.
Eg synes det er vanskelig å forsvarliggjere at eg treng eit hus til 350m2, og eg greie faktisk ikkje å forstå desse bekjente som meinar at dei ikkje kan bu i eit hus som berre er 150m2. For det var den storleiken det var på huset vi nettopp har vore på visning på. Og eg har aldri sett eit så hyggelig hus, nei, det var meir enn eit hus, det var ein heim!
Huset gjekk diverre til ein mykje rikare kar, han har sikkert vunne i Lotto. Og eg, eg fortset livet i den gode leiligheta vår til neste heim dukkar opp på finn.no.

fredag 13. august 2010

-cams- på sumarferie med kameraet sitt

Sumaren i år har gått så fort, men det gjer den vel eigentleg kvart år. Styggevêr har prega desse siste månadane, og mange har vore svært vêrsjuke.

Eg er kanskje unormal, men eg har hatt det heilt topp eg! Klart at det er stas når sola kikar fram og ein kan sitje på terassa med ei god bok, kopp kaffe og kjenne at sola kitlar på nasa. Men eg er så glad i desse semioverskya dagane, ja, det er det eg kallar dei. Når det er litt sol, litt regn og stort sett voldsomme skyer som ruvar på himmelen. Då er det godt å ta bilete, og dei blir som regel fulle av liv utan at eg jobbar så hardt for det.

Hadde ein ekspresstur til Vestlandet for å feriere og besøke slekt og vener. Eg har sjelda roa til å ta bilete, og enda sjeldnare får eg til å ta dei bileta eg har lyst til. Men satt meg som mål før eg reiste, at i år skal eg ta ein stil gjennom heile turen. Dette greidde eg. Somme dagar vart det heilt bom, og bileta er også deretter. Andre dagar fann eg dei litt korka motiva i søkaren.

Under er ei samling av mine fotoskattar. Lenge leve det enkle!
Ingen av bileta er gjort noko med, desse er rett frå kamera.

Det opne havet, kanskje ser du England?

Fotomannen min!


Skulle levd etter dette kvar dag!


Med unntak av delfiakake og lefser.


Dei små tinga kan også fortelje ei historie


Ei einsam livredningsbøye


Kannesteinen, naturen sin skulptur


-cams- elskar å ta bilete av campingbilturistar


Lissje Sverre

Eit saueliv


Eg har funne ut at eg ikkje treng noko unnskuldning for å ta bilete av sau. Det gjer eg rett og slett av rein glede for dette ullete, firbeinte dyret. Her er ein gjeng flaskelam på ein gard innerst i Sogn. Var så heldig å besøke dei ein kveld.
Og så er eg så glad i det kvadratiske formatet. Alle bileta mine denne sumaren er i 6:6-format. Uttrykket mitt kjem til sin rett når eg eit kvadrat å leike med.
Skal vere med på Oslo Fotomaraton 21.august. Kjekt å utfordre seg, tvinge seg sjølv til å ta bilete under press. Er ikkje alltid bileta vert slik du har lyst til, men kanskje eg kan lære noko nytt undervegs? Uansett, eit flott arrangement som er ope for alle som vil uttrykke seg med bilete. Treng ikkje å vere proff eller ha fancy utstyr. Her er det berre å møte opp med ope sinn og lysta til å skape! Glede meg stort!!